14 mai 2009

Om Valle-målet

INTRODUKSJON
Valle kommune ligg i Sestesdal i Aust-Agder fylke. Valle er kjerneområdet for den særegne setesdalsdialekten. Setesdalsmålet har i alle dagar vore oppfatta som spesielt og rotekte. Sært ved målet er at substantiva har 6 former, verba vert bøygde ulikt i eintal og fleirtal, og dei fyrste talorda vert bøygde i kjønn. Ein artig digresjon er at Valle kommune har oppretta ein ordbok for valle-målet på nett: www.vallemal.no


MÅLMERKER

hva-->kv ”hver”à førr’ell kvær, kvendagsmaten
Kjønnsbøyde taleord
Mi: men mi sku...

Høytone: Åkkå

Sterke verb i presens: kjem’e, søv’e

Tungespiss-r

e-infinitiv: å heve

bygdaà - bygdo - bygdi

ll--->dd eksempel: stappfudde- stappfulle

nektingsord: inkji

Bruk av kasus: dativ: frå norrøn –> eg reiser inni bilen, eg site i bilæ


Ein proposisjon som styrer vallemål er , døme: då laut an på hågheian. Vanlig bestemt form (nynorsk) er eg er på Hågheia. Gamle kasusformer.

PREPOSISJONER OG BRUK AV DATIV
Preposisjonar som styrer dativ:
- Koss æ det mæ di i dag?
Ti'/at - Eg vi' ti' 'o Sigúrd i kveld.
Frå - Frå ti' dé.
Fyre - Fyre kríin va' det fillne tídi.

I tillegg er preposisjonane avhengige av rørsle og stillstand (akkurat som i tysk).

NORMALISERING
Eg har normalisert teksten"Forteljing av Knut K. Homme". Den vart i utgangspunktet skrivi på valle-mål.

"Maten er ikkje så viktig når ein først er mett og har nok, men når ein først er svolten og ikkje har matbiten, da er han det viktigaste i verda for oss. No går vi til butikken og møter stappfulle hyller. Dei fleste tenkjer ikkje på kven som har skaffa maten, kor mykje arbeid og innsatsfaktorar det krevst.

Men vi skal ikkje langt tilbake i tida før alle mann skaffa maten sjølv, i alle fall på bygda. Og da var hausten avgjerande for den lange vinteren. Kvardagsmaten var brød og graut, graut og brød. Men til jul hadde dei noko godt og spesielt til mat. Og da var det mange som reiste til fjellet for å fange fisk, dersom dei då ikkje hadde vore i bekken og fanga fisk.

Julefisken skulle helst vere stor og raud, og kome frå høgfjella. Før jul hadde folk truleg god tid og kunne vere borte nokre dagar. Husa var kalde og dagane stutte, så ein måtte kle seg godt og tulle seg inn med ullteppe og skinnfellar eller sengeteppe om nettene. Med eld som flakka på tømmerveggane, vart det fortalt mang ei soge dei lange kveldane"

Ingen kommentarer: